Tag Archive for Levande vesen

Tid, Timo, Tilgje

Det er berre tida som går. Elles står mykje roleg. Kanskje ventar det andre på noko. Berre tida hastar vidare, for det er ikkje eigentleg noko anna å gjere om du er tid.

I går kveld laga eg ein pakt med Timo; hund, whippet, stressball, nervevrak, kosegutt, marmorpels, tass, psyko, møkkabikkje, fining, aller finaste, steikje kva skulle ein gjort utan deg, firbeint beist, snupp, pomp. Det har seg slik at dette levande vesenet har fryktaggresjon. Han er redd for andre hundar og nokon gonger menneske han ikkje kjenner. Heldigvis kan han venne seg til alle hundar og menneske om han får litt tid på seg, men når me møter på hundar ute på tur er det sjølvsagt ikkje tid til det. Når me går tur aleine er det ikkje så vanskeleg for mennesket meg å gjere rett: avlede, positiv forsterking, gobitar, følg med på meg, takk. Men når me går tur i lag med Sigval; hund, italiensk mynde, spirrevipp, humorklump, macho, tøffing, flis, pinne, kanelis, mafiaboss, koseklump, sjef, snupp, pomp, er det ikkje så lett for mennesket meg å gjere rett. Åtte bein flyg i alle retningar. Bjeffing og hyling, band som snurrar seg rundt det meste og hundar rundt og innimellom og overalt. Så er det flaut, pinlig, ein blir sint, sur, kjeftar, pressar hunderumper ned i bakken, og knepper kjeftar igjen. Ikkje bra. Ikkje rett. Det blir endå meir pinlig, og ein blir surare enn situasjonen skulle tilseie at ein skulle bli.

Derav ein pakt. «Timo», sa eg. «Frå no av skal eg ikkje gjere feil meir. Eg skal gå mange turar berre med deg aleine. Når me går på tur alle tre skal eg berre late som ingenting og dra dykk med meg roleg og utan kommentar.» Eg kosa med hovudet hans og klappa han på ryggen. Ja, og så sa eg unnskyld.

Etterpå fekk han gå ut i hagen for å skrive i hekken.

Nøgde levande vesen

Like før sommarferien starta kjøpte eg ei lita jordbærspire av elevbedriften Ferskt og godt på Røvær. Han har vokst seg veldig stor med eit lass blad. No har det også komme to blomar. Reknar med det blir jordbær til hausten.
jordb

Ei ringblomstspire kjøpte eg og. Den har vokst seg så lang at eg måtte binde han opp. No kjem det snart blomar.
ringbl

Både jordbærplanta, ringblomsten og denne tomatplanta har fått stå inne sidan det ikkje har vore direkte varmt i sommar. Det var nok lurt. Dei andre tomatplantene eg sådde og planta ut, dauga nokså fort.
tmat

Hønsehuset blei tatt i bruk i dag! Eg har vore med og snekra. Stilig å sjå eit hus bli bygd frå grunnen av. Tuppene var glade for endeleg å komme ut frå kummerlege kår i fjosen.
honer

Det fyrste dei gjorde var å ta seg eit forfriskande bad i molda utanfor huset.
honer

Dagen min

Og broremann sin. Og kongen. Men det går rykter om at Haugesund kommune to feil av dagane og heiste flagga i går i staden for i dag. Anten tok dei feil fordi dei er litt øre eller også så tok dei feil litegrann med vilje for å sleppe å betale flaggheisarane sundagstillegg. Uansett trur eg ikkje kongen bryr seg.

Eg byrja dagen med ein tur i fjosen hos kossane. Finaste kalven, helt brun, var flink og klarte å svelje litt kraftfôr. Via dusjen drog eg til HKV for å male dette skrivebordet som superpappa snekra saman i går oppe på den litle skrivestova eg skal vagle meg på (høgt bord og høg stol) når eg ikkje er på Røvær, i Sauda eller i fjosen:

skrivebord

Ferdig med det, og med maling på både folk og hundar var det duka for kaffi og kake i Misjonsvegen (der eg er navla opp). Eg hadde fått lov til å velje kake, og valde sjokoladekake med nonstop. Den så slik ut:

kake

Kaka fortel like mykje om min mentale alder som om min fysiske.

Ein kveldstur i fjosen og ein kveldstur til HKV igjen blei det og.

Og ikkje fordi det skjedde i dag, men berre fordi det blei eit fint bilete. Her er Sigval og meg i fortruleg samtale:

samtale

Snart er det nokon andre sin dag.

Egg

I fjosen på Skjølingstad har to høner og tre-fire ender fått midlertidig opphaldsløyve. Dei la ikkje egg lenger der dei budde, dei berre stod og skalv og fraus. Eg skulle hatt bilete av dei og, det har eg ikkje. Men eg har bilete av alle dei egga eg fekk ta med meg heim i går.

egg

Det blei fortent omelettlønsj i dag etter god arbeidsinnsats før nestsiste veke før vinterferien. Den første vellykka omeletten eg har laga. Alle dei andre eg har laga har sett ut som eggerøre iblanda innhald.

omelett

Og når eg er i gang med dyr og produkter fra dei kan eg jo også servere dykk litt mindre lekre bilete fra undervisninga i Sauda på onsdag. Me la like godt eit jur på pulten for å sjå koss det ser ut inni.

jur

Lyst på mjølk?

spene

Utsira, vikingløype og larven aldrimett

Eg kom meg velberga heim over havet og til og med klarte eg ein tur på R47 utan å få ei einaste skramme. Sirafolket har vore snille og kjekke og trivelige, me har hatt det skikkelig fint ei heil veke ute på Utsira. I går gjekk eg ein tur i Vikingløypa. Vikingløypa er ein tursti som går innom ei rekkje ulike tufter fra jernalderen. I tillegg til tradisjonell raud maling på steinar og stolpar har damene på Utsira strikka markeringar som dei har festa på steinar, stolpar og pinnar. Denne steinen har fått seg ein genser:
strikkastein

Denne har fått seg ei hue

strikkahue

Turen er skikkelig fin. Ved alle tuftene kan ein lese om tuftene og om korleis ein tenkjer seg dei må ha sett ut. Men: Hugs støvlar! Det er ein våt tur. Klart nokon ønsker å jogge. Det går og fint. Då gjer ein berre slik som dette etterpå:

sko

Eg møtte Simon og Ruth etter endt tur. På veg opp til fyret igjen traff me på denne karen:

larve2

Han fekk krype litt på armen min før me satte han trygt ut i graset igjen slik at han kan ete seg feit og fin.

larve1

Det er sjeldan ein møter karakterar fra barnebøker i levande live.