Tag Archive for Madrid

Madrid er ein fin by, det er berre å reise

Når ein har landa på Haugesund lufthavn, Helganes, Karmøy for fleire dagar sidan er det vel på tide å skrive litt om der ein har vore. Eg byrjar med ein digresjon. Når eg skal konsentrere meg treng eg eigentleg anten å ha det heilt stilt eller å høyre på musikk utan ord. Sjølv om eg veit det er det sjeldan eg faktisk skrur av lirekassane rundt meg. Fjernsynet måtte eg tvangsfjerne i sommar. Det er nok det luraste eg har gjort på lenge. Ei lengre utgreiing om dette får komme i ein annan post. Så no står P2 på samstundes som eg ser ein dokumentar på nrk.no. Ein skulle tru eg hadde simultankapasitet. Men det har eg ikkje, derav denne digresjonen. (Som kun nå faktisk blei skrive fordi nrk.no hang seg opp).

Altså. Madrid. Eg er litt for lat og uoppmerksom til å kunne skrive noko skikkeleg om denne byen sine praktbygg og kunstverk. I tillegg klarte eg å vakne på laurdag med dårleg mage (var spent på om eg kom til å klare å unngå det) og gjekk glipp av den guida vandringa. I staden rusla eg veldig sakte fram og tilbake i folketettpakka gater omkring Plaza Major etter at eg hadde fått kjeksane til å ligge fint i ro i magesyra. Dette blir derfor ein liten stemningsrapport. Bilete skal de óg få.

Byen ligg 650 meter over havet. Dei dagane me var der var skyfrie og på kalenderen tidlege i november. Byen står seint opp og går seint til sengs. Me stod tidleg opp og gjekk tidleg til sengs. Morgonlufta var klår, kald og dufta kastanjar. Folk som hadde vore på fest gjekk den eine vegen. Dei som skulle på jobb gjekk den andre vegen. Somme visste ikkje heilt kor dei skulle. Gatene gjekk anten oppover eller nedover. Dette gjorde det lett å finne vegen.

Spredt omkring på rare plassar har dei plassert bogar litt slik som i Paris. Og som i Paris hadde dei nok alle si historie, og eg lurer på om dei ikkje hang saman med kvarandre desse og. Eg har eit vagt minne om ei halv setning.

Temperaturen steig raskt, og dagane minna om tidleg haust i vestlandsfjella. Ellers var det lite som minna om vestlandet. Madrid er veldig tørt, og alle trea har greiner rundt heile stamma, ikkje berre på sørsida slik eg er vant med. Veggrøftene er ikkje overgrodde av ugras slik dei er her heime, men dekt av tørr sandjord der spredte grønbrune vekstar klorar seg fast. Langs alle vegane vaks det også ein lilla blomst. Eg fann aldri ut kva det var for ein. Men dei er flinke til å plante buskar og små trær. I Rivas Vaciamadrid hadde dei rosmarin i midtrabattane.

Eg hadde sjølvsagt pakka med meg masse ulltrøyer, og med tre-fire lag genserar og trøyer med handleddsvarmarar og skjerf som backup kunne eg la jakka ligge på hotellet heile tida. Rundt meg gjekk folk i t-skjorter og skjørt. Dei om det.

På fredagen reiste me til Chinchon. Der var det skikkeleg fint. Ei flott kyrkje, eit triveleg lite teater under oppussing og sjarmerande murhus i underlege formasjonar. For meg som blir nokså surrete i hovudet av store byar var det ei kjærkommen pause. Me blei fora med lokale anisboller med sukker på, aprikoslikør og tapas. (Det kan kanskje forklare morgonen etter). (Alle spøkte med namnet Chinchon, og lurte på om me skulle til Kina. Tsjekkarar, nordmenn, italienarar, tyskarar og austerrikarar. Det var tydeleg ei felleseuropeisk referanse).

madrid
Ei gate

madrid
Parque del Retiro (der eg ikkje var med, men nokon fekk låne kameraet mitt).

madrid
Samme park (trur eg..)

madrid
Anisbollar og aprikoslikør i Chinchon.

madrid
Chinchon

madrid
Chinchondetalj

madrid
Brustein i Chinchon.

God tur!

t’Madrid

Nasen og øyrene (ikkje rart eg har selektiv hørsel) er grundig skylt, og den rosa kofferten snart pakka. Rektor reiseledar har laga Rivas Vaciamadrid-informasjonsfolder («Eg klarte ikkje dy meg».) som får bli med på flyturen i morgon. Haugesund-Oslo-Hamburg-Madrid-Frankfurt-Oslo-Haugesund. Ja, med eit lite opphold i Madrid/Rivas-Vaciamadrid.

Endå meir morosamt og spennande er noko eg oppdaga på Revolusjonært Roteloft i dag. (Synest eg då). National Novel Writing Month, eller NaNoWriMo. Skriv ei bok i november. Eg har ikkje satt meg så godt inn i det ennå, men det virka så spanande at eg måtte hive meg på. Tviler vel på at eg får det til, for sjølv om eg har skrivestund kvar morgon skriv eg ikkje så mange ord på ein gong.

Ein skal skrive 1500 ord kvar morgon i november og oppnå 50 000 ord i slutten av månaden. Det skal bli ei bok. Ein skal berre skrive, ikkje tenkje (ikkje mi sterke side). Redigeringa kjem i desember. Moro å prøve, og uansett eit stilig konsept. Såvidt eg har forstått etter det litle eg har skumma til no samlar dei også inn støtte til eit skriveprogram for ungdom: Young Writers Program. Så får me sjå kva som kjem ut i andre enden. Liten klosse i vegen den Madridturen, men eg skal dra med meg litle miniAcer. Reknar med at eg kjem til å henge etter dei andre som eit slapt slips sutrande etter cola og ein roleg kafè.