Tag Archive for Morgon

Siste november

NaNoWriMo gjekk som forventa. Sjølvsagt har ikkje eg lirt av meg 50000 ord på ein månad. Eg trudde vel i grunn ikkje at eg skulle gjere det. (Eg også nokså blotta for konkurranseinstinkt). Det betyr ikkje at eg ikkje har prøvd kvar morgon å skrive. Men det gjorde eg før det blei november også. Og no har eg funne ut at eg skal prøve å starte dagen endå tidlegare. Eg har hatt klokka på 5, og stått opp litt før halv 6. I går kveld satte eg klokka på 0350, og klarte å stå opp 0450. Det betyr at eg fekk meir enn ein halv time meir. Eg er B-menneske, sjølv om denne historia ser ut til å fortelje noko anna. Det inneber at eg utan problem kan ha klokkeradioen på i ein time, trykke ned snoozeknotten kvart tiande minutt og sovne igjen mellom kvart trykk. Det er altså viljestyrke som hiv meg ut av senga. Hadde eg hatt meir viljestyrke kunne eg hatt på klokka det tidspunktet eg har tenkt å stå opp. I staden må eg vekkjast endå tidlegare. Det er med andre ord eit hardt liv.

Så skar det seg litt i dag, for i går kveld var eg på kvinekorjuleetevitjing og klarte å gløyme veska mi der eg har alt. Det at eg ikkje oppdaga det før i dag morges fortel vel kor opptatt eg er av mobiltelefonen min for tida. Det viktigaste som ligg i den veska (utanom pengekort og slikt) er minnepinnen frå chlas ohlson. Der ligg alt. Godt at dette hushaldet har småe ungar og er oppe i otta slik som meg. Eg må beint fram stikke innom på veg til jobb. (Me snakkast, E). Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, for eg fekk i staden tenkje rundt eit anna prosjekt eg har i hovudet. Det involverer månen og jorda i ganske stor grad. I tillegg til det å spinne. (Men ikkje på syklar som står i ro).

Over til det nye kameraet har det vore i bruk, men når eg skulle framkalle bileta i Lightroom oppdaga eg at den versjonen eg har ikkje kan lese rawfilene til kameraet. Tydlegvis er dei annleis for kvart nye kamera, og programma må få dette med seg. Eg likar Lightroom veldig godt, så eg må nok oppgradere. Etter den tolvte. Då kjem lønna. I mellomtida får eg prøve programmet som følgde med kameraet. Eventuelt kan eg sjølvsagt også ta bilete som ikke er i rawformat.