Tag Archive for Nynorsk

Korfor nynorsk?

For mange vil det sikkert vere ei sjølfølge at eg skriv på nynorsk. Eg kjem tross alt fra vestlandet, og «snakkar nynorsk» i mange sine øyre. Likevel er det slik at sidan bygda Torvastad ligg såpass nærme storbyen Haugesund fell ho under byfenomenet bokmål. Då eg gjekk på barneskulen (1985-1991) i suburb-bygda Torvastad hadde me berre ein klasse, nokre år under vår klasse, som hadde nynorsk som hovudmål. Om eg ikkje hugsar feil var det ein rein guteklasse.

Lenge var det ein sjølfølge å bruke bokmål, og eg følte meg veldig klønete og ordfattig når eg måtte bruke nynorsk. Likevel har det etter kvart snike seg innpå meg. Første gongen eg byrja tenkje over dette var då vi fekk besøk av Kine HellebustNamdals Folkehøgskole. Ho snakka varmt om korleis ho sjølv først fann sine eigne ord skriftleg då ho byrja å bruke nynorsk. Sidan har eg og blitt gjort oppmerksam på at me vestledningar ofte skriv veldig konservativt bokmål. Me bruker ofte -en endingar i staden for a-endingar i substantiv. (boken, kaken osv.) Eg kjente etter kvart sjølv at mykje av det eg skreiv verka framand og distansert, nesten kunstig nokre gonger. Likevel var det først etter å ha undervist i norsk i ein niandeklasse eit år i Oslo at eg sjølv byrja skrive nynorsk, først ganske sporadisk. Eg byrja skrive vekeplanar på nynorsk for elevane slik at dei skulle få det inn via ulike kjelder. Det er i grunn underleg at ein kan bli inspirert til å skrive nynorsk på ein ungdomsskule i Oslo, men slik starta overgangen for alvor. Eg kan nemne her at den eleven som raskast mestra nynorsken var ein skuletrøtt norsk-etiopar.

Overgangen har vore gradvis, men er nå nær komplett. Det er underleg, men det kjennest som om det eg skriv er nærare. Det er meir lunt, det er tryggare på eit vis. Eg smiler mykje meir når eg skriv nynorsk.

Unnskyld om eg skriv noko feil, og om eg ennå ikkje klarer å vere heilt konsekvent når det gjeld ulike ord og bøyningsmåtar. Eg er ivrig brukar av denne fantastiske ordboka, og ønsker meg boka «Med andre ord» i julegåve.

I kveld har eg omsett sidene «Lomography» og «Pinhole» til nynorsk. Eg har og skrive ei side om Fabelfolk. Det har byrja å ulme igjen i livet mitt etter eit ganske drøyt dvaleår sosialt. Eg klagar ikkje. Innsatsen i kveld kan eg delvis takke kaka nedanfor som fylte meg med akkurat passe mengder sukker og kakao. Sjokoladekake utan egg og melk. Kaka har ein fantastisk raud-brun farge og smakar akkurat passe søtt og akkurat passe mørk sjokolade-bittert. Eg halverte oppskrifta og har nesten spist opp heile kaka. Det er litt igjen til laurdagsmorgonkaffien.

kake