Tag Archive for Sykkel

Ja til sykkel!

For å feire valdagen har eg sykla på jobb: Håvik-Haugesund. Det regna, eg er søkkvåt, det var digg! Og turen som vanlegvis tek ein time, tok tre kvarter. Sidan eg berekna god tid i utgangspunktet, er eg altfor tidleg. Eg har snike meg inn under taket hos Samson og ventar på båten til Røvær som kjem om ein halvtime. Eg er nær perfekt kledd med langbeint sykkelbukse fra xxl, regnjakke med store luftehull under armane, langerma ulltrøye, ullsokkar og joggesko. Sjølvsagt medbrakt fullstendig klesskift. Eg prøver å kondensere litt her eg sit. Eit oppdrag har eg også i høve dagen. Eg skal ta imot valmateriell som skal ut til Røvær. Reknar med ny sykkelveg over Karmsundet og suprare sykkelvegar på heile Haugalandet i løpet av dei neste fire åra. Godt val!

Sykkelveg

Viss me klarer å få på plass ein trygg og god sykkelveg over Karmsundet skal eg sykle til jobb med sykkelvogn og to hundar på slep. Viss eg no berre skryt på meg noko eg ikkje kan levere skal du få ete hatten min. Eg må berre kjøpe meg ein fyrst. Tenkte han skulle vere stor og fin og gjerne smake vanilje. Dette fordi du sikkert kjem til å få spise han. Endå betre vil det nok vere om nokon tek frå meg bilen og tvinger meg til å sykle. Vær så snill og gjer det. Eg skal smøre kjedet i mellomtida.