Tag Archive for Tid

Tid, Timo, Tilgje

Det er berre tida som går. Elles står mykje roleg. Kanskje ventar det andre på noko. Berre tida hastar vidare, for det er ikkje eigentleg noko anna å gjere om du er tid.

I går kveld laga eg ein pakt med Timo; hund, whippet, stressball, nervevrak, kosegutt, marmorpels, tass, psyko, møkkabikkje, fining, aller finaste, steikje kva skulle ein gjort utan deg, firbeint beist, snupp, pomp. Det har seg slik at dette levande vesenet har fryktaggresjon. Han er redd for andre hundar og nokon gonger menneske han ikkje kjenner. Heldigvis kan han venne seg til alle hundar og menneske om han får litt tid på seg, men når me møter på hundar ute på tur er det sjølvsagt ikkje tid til det. Når me går tur aleine er det ikkje så vanskeleg for mennesket meg å gjere rett: avlede, positiv forsterking, gobitar, følg med på meg, takk. Men når me går tur i lag med Sigval; hund, italiensk mynde, spirrevipp, humorklump, macho, tøffing, flis, pinne, kanelis, mafiaboss, koseklump, sjef, snupp, pomp, er det ikkje så lett for mennesket meg å gjere rett. Åtte bein flyg i alle retningar. Bjeffing og hyling, band som snurrar seg rundt det meste og hundar rundt og innimellom og overalt. Så er det flaut, pinlig, ein blir sint, sur, kjeftar, pressar hunderumper ned i bakken, og knepper kjeftar igjen. Ikkje bra. Ikkje rett. Det blir endå meir pinlig, og ein blir surare enn situasjonen skulle tilseie at ein skulle bli.

Derav ein pakt. «Timo», sa eg. «Frå no av skal eg ikkje gjere feil meir. Eg skal gå mange turar berre med deg aleine. Når me går på tur alle tre skal eg berre late som ingenting og dra dykk med meg roleg og utan kommentar.» Eg kosa med hovudet hans og klappa han på ryggen. Ja, og så sa eg unnskyld.

Etterpå fekk han gå ut i hagen for å skrive i hekken.

Eit fenomen

fenome’n n1 (frå gr, eigl pf pt av phainesthai «vise seg»)
  1
det som blir oppfatta av sansane (stundom til skilnad frå tinga i seg sjølve); noko som finst el. hender; ovring, tilfelle f-et nordlys / (skattesvik, arbeidsglede e l er) eit vanleg, uvanleg, sjeldsynt, merkeleg f-
  2
noko(n) som er uvanleg el. framifrå; unikum ho er eit f- til å snikre

Takkar den fine nettordlista til uio.no: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html som er den nettsida eg bruker aller mest, det er eg heilt sikker på.

Men det var no ikkje heilt det eg hadde tenkt å skrive om. Eg brukar berre ofte å forsikre meg om at dei orda eg brukar har den meininga eg trur dei har. Legg merke til eksempelet ovanfor: Ho er eit fenomen til å snikre. Den var fin.

Eg skulle skrive om eit bestemt fenomen: Det at vegen blir kortare og kortare dess oftare ein kjører den. Den mest merkbare forskjellen finn ein sjølvsagt frå første til andre tur. Det er eigentleg då fenomenet syner seg. No, etter, skal me sjå.. ni turar, går det helst litt fortare fordi eg kjører litt fortare. Eg slappar meir av (men ikkje for mykje). Og eg kjenner vegen mykje betre. For eksempel kan eg fortelje at vegen er skikkelig god og fin. Han er brei og heil. Det er berre to svingar i Ilsvåg som er for smale. Der kan eg ikkje møte bilar med den store doningen min, men berre ein gong til no har eg gjort det. Den andre bilen rygga litt og slik gjekk det veldig fint.

Men det var fenomenet eg skulle skrive om, og eg har ikkje nokon god forklaring. Det eg har tenkt på er at eg lagar meg merkepunkt. Det blir litt som å klatre ein vegg. Opp til den blå klumpen: strekkje seg oooph! Den raude klumpen heilt der oppe, oooph! Der. Osv. I staden for å bruke eit tau, og klatre opp på glatte veggen. Nå likar ikkje eg så godt å klatre. Første gong eg skulle rappelere ned ein knaus (som eg sikkert no kunne hoppa ned frå) trudde eg livet skulle ta slutt. Panikken tok meg og tårene spruta. (Speidarleir på Blikshavn ca 1990).

Eg kjenner derfor at eg blir sveitt i hendene og skal snart forlate analogien. Eg vil berre til slutt nemne klatrepunkta mine. Eg tek dei frå Sauda til Haugesund sidan det er i Sauda eg er akkurat no: Hustveit, Skipavåg, Vikedal, Sandeid, krysset opp til Ølen, Ilsvåg (ferdig med dei to svingane: puh!), Knapphus (veit ikkje kva det er med shellstasjonen der, men han har vore del av meg heile livet. No blir han pussa opp, ny og fin), Aksdal (så godt som framme), Raglamyr, rundkjøringa ved Opelbygget.

Eit heilt unødvendig ord

Nokon gonger viser eg at eg er ei vis kvinne. Ein av desse gongene var då Fabelfolket og andre frå Haugesund KunstVerk for nokre veker sidan rusla rundt i Haugesund sentrum med ein diger isoporlogo.

hkv

Ein av oss, eg hugser ikkje kven det var, sa noko om at ho burde ha gjort eit eller anna. Og utan å tenkje over det, sa eg: -Burde, det er berre noko tull. Viss du burde ha gjort noko, då kan du berre gløyme det, for du har ikkje gjort det og kan like gjerne slappe av.

Eg er treig i tankane ofte, så først seinare på dagen gjekk det opp for meg kor klok og vis eg hadde vore. Det har sikkert blitt sagt før, og er nok ikkje ein revolusjonerande språkfilosofisk tanke, men om ein tenkjer over det så er det noko i det. Det er eit heilt unødvendig ord. Du lærer ikkje noko av det, for du veit allereie at du med fordel kunne ha prioritert annleis. Det får deg til å bruke tid på negative tankar og henset deg i ein tilstand av uproduktivitet fordi du blir ståande å virre omkring i dei utan å kunne gå tilbake i tid for å endre på dette: du har allereie tatt eit val. Og sjølvsagt er det hol i denne teorien. Du kan springe tilbake og få gjort dette du tenkjer du skulle ha gjort kanskje på litt kortare tid, men så slitsomt! I staden for då å berre vere der du er og kjøyre på, for tida går fort, berre sjå her:

 morfar

«Nå har du tida og bruk ho vel, for før du trur kan det verta kveld. Tida hastar ho fer så fort. Skund deg vil du ha noko gjort.»

Dette diktet fekk eg av morfar då eg konfirmerte meg. Eg likar å tru at han har skrive det sjølv, men eg veit ikkje sikkert. Eg kjenner uansett at eg blei litt stressa nå, og skal skunde meg ut med fotoapparatet og bruke tida, for ho fer så fort!