Tag Archive for Traktor

Å temje ein traktor

Alle er flinke til å sleppe meg til slik at eg skal lære mest muleg om dyr, gras og traktorar. Far min forklarer i minste detalj som om eg var fem år og tilbakeståande. Han har stor tru på at eg skal få til alt eg vil få til, men meiner likevel det er på sin plass å påpeike at skruen, jo han skal inn i holet, og ikkje ved sidan av. Så er det slik at dyra, dei må ha hovudet ut av dei hola som er like over forbrettet, for ellers så får dei ikkje spist. Rumpa er bak, og hovudet framme.

Bror min trur også eg kan få til alt. -Forhaust, seier han. -Byt olje på traktoren, han står der borte.

-Du kan bytte om plassen på dei to tilhengarane der, og flytte vekk dei pallane med sement og maursyre, så kjøyrer eg til Raglamyr ein tur.

Pupillane utvider seg umerkeleg. -Ok, seier eg.

Eg kikar litt hit og dit. For å få ut forhaustarvogna bør eg flytte dei pallane litt. For å få flytta dei pallane burde eg ha fått vekk grasklipparen som står i vegen. Så oppdagar eg jekketralla. Den såg fin ut, tenkjer eg. Kanskje det ikkje er så tungt eigentleg? Eg prøver. Jekketralla trillar fint. Eg set ho på plass under pallen og jekker i veg. Ingenting skjer. Eg kikar ned i mekanismen. Oppdagar noko som liknar ein sykkelkjetting. Det må jo vere den som skal gjere eit eller anna for å få heva ho. Eg set handtaket rett opp og ned, og ser ei teikning på eit klistremerke. Det viser den hendelen som sit midt i handtaket. Han kan både takast opp og ned. Eg prøver opp, men det har inga virkning. Så prøver eg ned. Med ein gong kjenner eg at motstanden blir større. Eg kan jekke pallen opp. Så har eg lært det, og lett var det å flytte på pallen og.

Så er det å få start på den litle traktoren som er kjempefin og hauggamal. Vri på den, inn med den, og den og den. Ingen reaksjon. Prøver og prøver. Gir opp. Kikar litt på den andre traktoren, den får eg no start på. Snur han, men finn ut at den gamle traktoren alikevel står litt i vegen og må flyttast uansett. Snur den store traktoren tilbake slik han stod. Har slik fått inn litt traktorkjøyretrening. Prøver den litle traktoren igjen. Reiser meg og står på kløtsjen. -Brak! Seier traktoren. -Oi, tenkjer eg, der var han. Kløtsjen i bånn, vri om og brak, brummma, brumma. Då er det klår bane for den litle traktoren å hente ut forhaustarvogna. Det er berre det at når eg skal rygge så kveler eg motoren. Kvar gong. Eg gir opp og eter heller eit knekkebrød og drikk litt vatn. Eg kikar litt hit og dit. Set meg i traktoren igjen. Handbrekket er sikkert på tenkjer det no ljosare hovduet mitt. Men kor er det. Ser etter det, men ser ingenting som liknar. Veit likevel at nokon har vist med det før. Ser ein hendel bak ved enden av rompa som umuleg kan brukast til noko anna enn å bremse traktoren. Hendelen går lett bakover, og i augekroken ser eg noko skje lenger framme. Eg startar traktoren igjen (har fått teken på det no). Set han i revers, slepper opp kløtsjen og kjøyrer bakover! Sjå det, eg køyrer bakover. Eg rygger inn i redskapshuset og sikter på vogna. Må ut og kike korleis det ligg an. Litt lenger bak må eg. Treffer, lyfter, har hekta vogna på traktoren, må ut og sjekke, jublar, hendene i veiret! Kjøyrer ut forhaustarvogna, lett som berre lett og ikkje vanskeleg i det heile tatt. Tek bilete med mobilen og sender til storesyster:

traktortemjing

Då er det klart for å komme til med den store traktoren slik at eg får flytta dei pallane som var for tunge for jekketralla med gaffelen frampå lesseapparatet. For å få til det må eg kline traktoren heilt opp i bakken, for pallen står likeså klint inntil den røysa med plankar og plater som står inntil veggen. Eg får med mykje møye gaflane inn i pallen litt på skrå (viser det seg, ikkje godt å sjå utan å gå ut av traktoren..) og løfter opp. Då skvetter pallen som står bakanfor opp, og maursyrekannene flagrar omkring. -Oi, seier eg. Plankebord ramlar i det eg lurer pallen fram. Pallen skal litt lengre inn i redskapshuset. Eg ryggar han ut, og prøver å lure meg inn igjen frå ein annan vinkel. Eg forbannar lesseapparat, -kva skal ein med det, traktoren blir jo heilt rar! Og det blir han jo sjølvsagt når han har ein vanvittig tung palle på framom seg som attpåtil står skeivt på. Etter litt forsiktig prøving ender det med at eg set frå meg pallen utanfor. Eg ser over maursyrekanneulykka. Alle kannene heile med korkane godt skrudd fast. Lemper dei opp igjen, og finn ut at eg ikkje kan ta sjansen på å ha dei flagrande rundt oppe på lesseapparatet. Men jekketralla då? Kan eg ikkje bruke den kanskje? Jovisst kan eg det.

Slik er den andre tilhengaren frigjort for utkjøyring. Fyrst skal eg berre setje inn igjen den pallen som blei ståande ute. Det er då eg lærer at det kan vere lurt å stå på trinna opp til traktorhytta dei fyrste gongene eg skal justere inn gaflane. Heldigvis er det berre kassen rundt sementsekkene eg røsker i frå kvarandre. Mirakulaust er sjølve sekkene heile. Justering av gaflane via inn og ut av traktoren 10-11 gonger, pallen blir løfta og satt inn akkurat der eg hadde tenkt han skulle vere.

Det er då bror min kjem tilbake slik at eg får vist han kor flink eg er til å hekte på tilhengaren. Eg treffer ikkje heilt presis fyrste gongen, og han peker inn mot veggen og lagar sirklar med handa si. Men eg er flink til å rygge (utan tilhengar). Om nokon fektar blir eg berre ør i hovudet. Han må slutte å fekte, og slik kjem eg på plass. Eg klarer så å rygge tilhengaren på plass ute der han må stå til me har fått forhaustarvogna inn. Forhaustarvogna får bror min lov å rygge inn.

Og slik kan ein mykje, mykje meir enn då ein stod opp av senga om morgonen.

Stemingsrapport i juli

frokost

Slik kan ein også leve. Bobil-liv testing på Torvastad. Denne morgonen høyrde eg på den fine, grøne radioen, eg las litt i «The end of Mr. Y» og så skreiv eg noko som fekk meg til å smile lurt.

traktor

Denne traktoren kan eg kjøre, og ja, eg kan rygge med tilhengar. (Men nokre gonger må eg ta det i to-tre vender før han hamnar akkurat der eg vil ha han). I dag har 29 kjekke kyr fått seg friskt vatn.

sokker

Julepresangane fra i fjor er endeleg ferdigstrikka og overlevert.

bord

Slik blei det mørkebrune spisebordet etter oppussing med «krem» oljemaling. Det er allereie innvia med pizza og fabeldyrteikning. Heimesida til Haugaland kunstVerk er oppdatert.

Og her er ein fin-fin liten logo-film.