Tag Archive for Vise/pop/rock-skattar

Venna førr livet

Musikklæraren vår har bestemt at me skal synge «Venner» av Halvdan Sivertsen i eit par veker framover. Me øvde oss fyrste gong i går, hele skulen 6-60 år, 15 små og 6 store. Det var mandagstreigt, men kan berre bli betre. Kvar gong me song tredje verset fekk eg ei merkverdig kjensle i halsen. Han blei liksom litt tjukkare, og stemma virka ikkje like godt. Når me kom til refrenget blei det godt igjen. Eg kan ikkje hjelpe for det. Eg likar norske viser. Slik er det med den saken.

Venner

Å bare vær i lag igjen
E vi som før, kor ska vi hen
Vi tar en skål førr det som va
Førr gammel tru, førr alt vi sa

Førr alt vi e uenig om
Førr lys og luft tell mørke rom
Der vi kan se vårt eget svik
Vi e forskjellig vi e lik
Og vet at

Hver gang vi møtes, har vi det bra
Vi e venna førr livet
Sånne e gode å ha

Her mase ingen om suksess
Hvis du e trist, så e du det
Og kommer tåran la dem renn
Til du ser lys og land igjen

Hver gang vi møtes, har vi det bra
Vi e venna førr livet
Sånne e gode å ha

Om vi e lat, om vi e lei
Og sku sagt ja, der vi sa nei
Om vi e sur, om vi e sær
Blir det for tøft, så e vi der

Så finn et krus og slå dæ ned
Her kan du være den du e
Her finnes trøst her finnes tru
Vi lev i samme drøm som du

Hver gang vi møtes, har vi det bra
Vi e venna førr livet
Sånne e gode å ha

Halvdan Sivertsen

Kjærleik & Karlsons lim


Blid prinsesse frå Røvær

Skulen er godt i gang. Eg har fått ein fin timeplan med tom onsdag eg kan fylle opp med kyr, sauer, motorsag, traktorar, religionsfilosofi og andre fine ord. Eg var på veg til å grave meg ned i kveld, men med spaden i handa kom ein faen i meg og røska godt i nakkeskinnet mitt. Godt det, for der er det stivt og klumpete. Spaden blei satt vekk, eg opna tjatten på fjesboka (eg er i grunn litt redd heile tjatten) der to ulike menneske ville snakke litt. Så tok eg fram telefonen og fekk tak i den gode systera mi. Eg laga meg ei stikkordsliste og prøvde om den nye sykkelbuksa hadde plass til stillongs under seg. Sykkelen er no påmontert vesker og ny lykt. Eg har alvorlege intensjonar om å sykle til Haugesund måndag morgon. Eg var like ved å skrive eit atterhald om at eg ikkje garanterer at dette skjer, men så tenkte eg at, nei, det skal eg jammen ikkje gjere. Eg har rekna på tida, det er ikkje noko problem.

Så, litt Lillebjørn:

Kjærlighet og Karlsons lim

Ta dette brustne hjerte! Smerte er et
billig rim.
Jeg har mere tro på:
Kjærlighet & Karlsons lim.
Smurt på bruddets flate. Legg det under
press.
Mellom tunge bøker. Et leksikon fra A til S.

Når disse tunge tanker banker på mitt
hjertes dør,
og står på smertens terskel, det er da jeg
tenker at jeg bør
få lagd et skilt av messing. Et som lett blir
sett.
Mellom fire skruer: «TUNGE TANKER
UØNSKET!»

jeg tenker på en hjort jeg så en gang.
Så underlig den sprang.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den vekk.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den…

Ta dette brustne hjerte! Smerte er et
billig rim.
Jeg har mere tro på:
Kjærighet og Karlsons lim…

Jeg har en venn i Bergen. Jørgen er en
praktisk mann.
Han kan gravere i messing. En dag så skal
jeg spørre han.
Hans hjerte er så edelt. De satte det ved
byens port.
Det føles godt å kjenne en som gjør det
såpass stort.

Ta disse tunge tanker! De banker ofte på
hos meg.
Benytter frekt min gjestfrihet og nekter
helt å gå sin vei.
For alle triste sanger fanger min
oppmerksomhet.
De har så mange vakre ord. Det er noe
alle vet.

Jeg tenker på en hjort jeg så en gang.
Så underlig den sprang.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den vekk.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den…

Lillebjørn Nilsen

Dagens

Herlig

Vise til far

Eg har ein utrolig fin fyr til far, og han har fødselsdag i dag. Han blir seksti år.

Han likar ikkje å ligge på internett, så her kjem verken bilete eller namn, men eg tenkte eg skulle dele den visa me spelte til han på eit stereoanlegg med sprengte høgtalarar då me feira. (Han fekk visa på CD også). Visa er ikkje skrive til han, men til ein annan far. Eg oppdaga visa ein tidleg morgon då Sigrid Moldestad var «Ukas P2-artist. Det er ei grusomt fin vise som pressar tårene fram.

Takk, Sigrid Moldestad. Og takk for at du er far min, pappa.

Det er vår!

Eg har sådd frø og har nynna på Idas sommarsång sidan januar då musikklæraren på skulen fann ut det var på tide å synge han (for snøen hadde nettopp forsvunne). Det er mars, me har snøklokker og ei sol som varmar. Like vidunderforunderleg kvart einaste år.

Idas sommarsång

Du ska inte tro det blir sommar
Ifall inte nån sättar fart
På sommarn och gör lite somrigt
Då kommer blommorna snart
Jag gör så att blommorna blommar
Jag gör hela kohagen grön
Och nu så har sommaren kommit
För jag har just tagit bort snön

Jag gör mycket vatten i bäcken
Så där så det hoppar och far
Jag gör fullt med svalor som flyger
Och myggor som svalorna tar
Jag gör löven nya på träden
Och små fågelbon här och där
Jag gör himlen vacker om kvällen
För jag gör den alldeles skär

Och smultron det gör jag åt barna
För det tycker jag dom kan få
Och andra små roliga saker
Som passar när barna är små
Och jag gör så roliga ställen
Där barna kan springa omkring
Då blir barna fulla med sommar
Och bena blir fulla med spring

Astrid Lindgren

Og for dei som ikkje hugsar songen syng Ida han sjølv her:

Gyldne land

Eg måtte berre.

Gyldne land
Tekst: Erik Hillestad / Melodi: Sigvart Dagsland
 
Han e langt fra Nirvana
og pulsen e høge der han
hentes fra sitt skjulested
Han vett fienden jage bilen
som tar han gjønå jungelen
te grensen med gradert beskjed
I anonyme kler
e han håpets forfulgte kurer
Han har gjømt sitt navn
I ein drøm om frihet
for et land som fekk ein blodig fred

Gyldne land
under palmer og pagoder
kor Buddhas barn av breie floder
holder stand
Gyldne land
kor lyset gjømmer seg i skyggen
og håpet har fått husarrest

Hu e elska av folket
Hu e dronning og fange
i sin egen litle treroms borg
Men soldatene rundt huset
kan ikkje stansa drømmen
som henter nar te byens torg
kor Aung San Suu Kyi
jubler: Landet e vårt me e fri!
Hu e håbet, hennes ord
e ein sang i adle hjerter
som snart ska hamra gull av sorg

Gyldne land
under palmer og pagoder
kor Buddhas barn av breie floder
holder stand
Gyldne land
kor lyset gjømmer seg i skyggen
og håpet har fått husarrest

Gyldne land
under palmer og pagoder
kor Buddhas barn av breie floder
holder stand
Gyldne land
kor lyset gjømmer seg i skyggen
og håpet har fått husarrest




Mjusik

Eit av dei verste spørsmåla eg får er: «Kva musikk likar du?» Eg veit aldri kva eg skal svare. Eg likar sjølvsagt å høyre på musikk. Det hender eg høyrer på musikk. Eg har ei Ikeahylle full med musikk, og har starta eit abbonement på Wimp. Men Ikeahylla har ikkje fått nytt tilskudd sidan eg flytta heimatt til Vestlandet for tre år sidan, og når eg opnar Wimp veit eg ikkje heilt kva eg skal høyre på. Eg kan sikkert synge med på dei fleste songar som er blitt spilt på radioen dei siste 30 åra, men klarer ikkje å hugse kven som speler. (Klar overdriving, eg er ikkje dum, men likevel). Eg lever godt med alt dette, og kosar meg stort sett. Eg likar rock, punk, indie, visesong og elektronika, men eg tviler på at det er eit godt svar på spørsmålet. Det eg kan seie heilt sikkert er at eg ikkje kan fordra ABBA og Elvis, og at eg har eit problematisk forhold til Robin.

Viss det ikkje var for at eg hadde slike (til tider litt elitistiske, ja, eg skreiv det) vener som høyrer på alt slikt som er riktig å høyre på om du veit kva som er godt for deg (Ikkje spør kva det er, eg anar ikkje. Men det er kjekt å høyre på, stort sett), hadde eg ikkje hatt noko problem i det heile tatt. Dei flotte venene mine som er musikalske og som sprer god musikk omkring gjer meg litt beklemt når me kjem inn på tema. Også seier eg svært lite. For ikkje å gjere skam på dei. Men nok er nok.

Eg innrømmer herved at når det berre er klassisk musikk på P2 då skrur eg over på Radio 102 (lokalradioen på Haugalandet for dei uinnvidde) der dei speler ei uendeleg rekke hitar frå dei siste 30-40 åra, og eg syng med. (Ja, unntatt i dag då ABBA kom og eg måtte skunde meg å skru over på P3).

Musikk er svært viktig for meg. Nokre songar har fulgt meg i mange år, og nokre av dei har eg allerede delt. Nokre tek meg tilbake til Namdals Folkehøgskole, til Pentagon på Ås, til Kvartsveien på Ås, til Kringsjå, Sogn, Bjølsen, Ullevålsvegen. Mange tek meg sjølvsagt enda lengre tilbake. Eg kan ikkje høyre «Sola eg god, sola er toppen» med Børudgjengen utan å sjå bror min og meg gaulsynge framfor den raude kommoden på soverommet vårt som me delte fram til me var 8-9 år.

Og kvar gong eg høyrer «Nothing else matters» med Metallica byrjar eg å grine.

I kveld likar eg denne:

Eg er visst langt frå perfekt for tida.