Tonje Glimmerdal

Ei bok for alle dei som har ungar, alle dei som ikkje har ungar, alle dei som har vore ungar, alle som er litt rare, som er glade i nokon, som trur at ingen er glade i dei, som likar snø og fjell og ski og raudt hår og frekner, sauer, geiter, felemusikk, ferjer og krokusar. Ei nydeleg bok.

glimmerdal

Det er sjeldan bøker får meg til nestan å byrje å grine. Gjennom denne boka har eg vore nær fleire gonger. Det er ikkje fordi det er ei trist bok, det er fordi ho er så fin. I fjor vinter las ei av lærarane boka til småskulen, og skrøyt ho opp i skyene. No i haust sneik eg ho ned frå utstillingshylla i skulebiblioteket og putta ho i sekken.

Boka handlar om Tonje Glimmerdal 9 år, den einaste ungen i Glimmerdalen. Ei skikkeleg tøff jente med stor rettferdssans og stort hjarte. Det er ei barnebok med illustrasjonar på nokre av sidene. Som alle gode barnebøker kan alle nyte ho.

Boka er skrive av Maria Parr og illustrert av Åshild Irgens.

Eg har spart det siste kapitlet til i morgon tidleg.

Legg att eit svar