The end of Mr. Y

av Scarlett Thomas.

MrY

Nokre bøker saknar eg litt etter å ha lese dei. Eg tek meg sjølv i å lese saktare mot slutten for å drøye ho endå litt til. Boka handlar om Ariel Manto, ein asosial student som jobbar med ein Ph.D om ulike tankeeksperiment i filosofi/naturvitskap. Ein dag kjem ho over boka «The End of Mr. Y», ein svært sjeldan bok skrive av ein av forfattarane ho er interessert i. Det blir sagt at det ligg ei forbanning over boka. Alle som les ho, døyr…

cur

Boka er intelligent, spanande og tankevrengande. Ho utfordrar måten me ser verda på. Kva er eigentleg ein tanke?. Har tankar masse? Korleis vil det vere viss ein kunne vitje andre sine tankar? Kva er verkeleg, og ser eg det same som deg?

tekst

Eg saknar boka litt. Eg kjenner personane framleis er inne i hovudet mitt. Men i går byrja eg på «Håndtering av udøde» av John Ajvide Lindqvist. Eg trur eg kjem til å klare meg godt.

Legg att eit svar